Twitter til kamp mot falske følgjarar

Twitter skal fjerna fleire titals millionar mistenkjelege kontoar frå følgjarane til brukarane. Målet er å fornya tilliten til den omstridde tenesta.
utenriks

Reforma tek sikte på ei svært vanleg form for juks i sosiale medium, skriv New York Times.

Mange brukarar bles opp talet på følgjarar med automatiserte eller falske kontoar, og kjøper seg dermed eit inntrykk av påverknad for å styrkja politisk aktivisme, forretningsdrift eller karrieren i underhaldningsbransjen, ifølgje avisa.

Twitter set i gang innsatsen sin torsdag. Det er venta at mange brukarar vil sjå talet på følgjarar falla. Kor mange som blir ramma er ikkje kjent, men det er venta at tiltaket vil redusera det totale talet på følgjarar i tenesta med rundt 6 prosent.

(©NPK)