Forhistoria til nokre av gutane frå Grotten vekkjer oppsikt

Forhistoria til nokre av gutane som har vore innesperra i 17 dagar i grotta, er nesten like utruleg som sjølve redningsaksjonen.
utenriks

23. juni blei fotballaget meldt sakna, ni dagar seinare blir dei mirakuløst funne i live 4. kilometer inn i ei grotte i Thailand. Det var knytt stor spenning til om gutane skulle overleva redningsaksjonen der ein marinejeger omkom.

I videoen som viste det første møtet i grotta med ein av dykkarane og fotballaget, er det den 14 år gamle, statslause Adul Sam-on som svarar.

Som 6-åring flykta Adul Sam-on frå den etniske geriljagruppa Wa, som kjempar for ein eigen stat i den krigsherja delstaten Shan i Myanmar, skriv New York Times. Shan-staten er kjend for narkotikaproduksjon og dei mange etniske-opprørsgruppene som krigar mot kvarandre.

Overlatne til kyrkja

Under redningsaksjonen fungerte Adul som tolk mellom redningsarbeidarane og fotballaget fordi han var den einaste som kunne språket. At Adul snakkar engelsk kjem av skolegangen han har fått i kyrkja der han bur i Thailand. Foreldra valde å senda han hit i håp om å få eit betre liv enn i Myanmar.

Adul bur framleis i kyrkja åtte år etter han flykta frå Myanmar. På skulen er 20 prosent av elevane statslause. Her har han, i tillegg til engelsk, lært seg thai, mandarin, og burmesisk.

– Han er flink i både studiar og sport, han har gjort at skulen har oppnådd mykje, og gjeve oss fleire medaljar, sa rektor Punnawit Thepsurin om guten.

Statslaus og mista foreldra

Trenaren og tre av gutane som overlevde grottedramaet, er statslause utan ID-papir. Dette gjer dei nærmast rettslause i Thailand. Dei kan verken gifta seg, få jobb, bankkonto, reisa, stemme eller eiga sitt eige hus.

I Thailand, eitt av få land som ikkje har underteikna FNs flyktningkonvensjon, er det over 440.000 statslause, ifølgje FNs høgkommissær for flyktningar. Menneskerettsgrupper trur talet kan vera så høgt som 3 millionar statslause menneske.

Den 25 år gamle trenaren Ekapol Chantawong som også er statslaus, mista foreldra i ung alder. Etter dette har han budd i eit kloster. Her lærte han meditasjon, som han mellom anna skal ha lært gutane i hola for å minska stresset.

Gratulasjonar verda over

Kva som skjer med gutane no, som har blitt verdskjende etter hendinga, er uvisst. Men med gratulasjonar frå presidentar, som Donald Trump og kjendisar verda over, er det likevel liten tvil om at livet til gutane kjem til å bli forandra.


(©NPK)