Stoltenberg: De europeiske allierte vil auke NATO-innsatsen

NATO-sjef Jens Stoltenberg seier USAs president Donald Trump har vore klar og tydeleg om forsvarsbudsjetta. No varslar han auka innsats frå allierte.
utenriks

– Vi har hatt ein god diskusjon om rettferdig fordeling av børene. Trump har vore tydeleg på forsvarsbudsjettet i Nato, og det har hatt sin verknad. Der vi tidlegare har kutta milliardar, legg vi no til milliardar. Dei allierte skal auka innsatsen som aldri før, slik at forbruket til USA kan gå litt ned, sa Stoltenberg torsdag ettermiddag på den siste dagen til NATO-toppmøtet.

Nato-landa vedtok i 2014 å jobba for å auka forsvarsbudsjetta til 2 prosent av bruttonasjonalproduktet (BNP) innan 2024. Trump meiner likevel at Nato-landa på sikt bør auka forsvarsutgiftene til 4 prosent av BNP.

NATO-sjefen seier samtalane med den amerikanske presidenten har gjort NATO-alliansen sterkare.

Trump sa på si side tidlegare torsdag at forpliktingane til USA overfor Nato er veldig sterk. Presidenten sa også at Stoltenberg seinare på dagen vil leggja fram nye tal over forsvarutgiftene til medlemslanda.

– Vi forstår at vi er sterkare saman, og alle landa er einige om å styrkja Nato, sa Stoltenberg.

(©NPK)