Storbritannias regjering har lagt fram brexit-planen

Den britiske regjeringa la torsdag fram planen sin for kva slags kontaktar Storbritannia skal ha med EU etter brexit.
utenriks

Det 98 sider lange dokumentet blei lagt fram av regjeringa torsdag ettermiddag.

Storbritannia går som tidlegare kjent inn for å forlata den indre marknaden og tollunionen til EU med mål om å kunna avgrensa innvandring frå EU-land i tillegg til inngå eigne handelsavtalar med tredjeland.

Planen er likevel i tråd med ein såkalla mjuk strategi for å forlata EU.

Regjeringa føreslår å etablera eit frihandelsområde og å ha «felles regelverk» med EU for varer, inkludert landbruksvarer, med mål om at handel over grensene til EU-land kan halda fram som i dag.

– I kjernen av forslaget til Storbritannia er at Storbritannia og EU etablerer eit frihandelsområde for varer, heiter det i dokumentet.

Planen blir lagt fram i kjølvatnet av at regjeringa blei samde om brexit-strategien på eit maratonmøte førre fredag. Det førte likevel til at både brexit-minister David Davis og utanriksminister Boris Johnson trekte seg i protest.

Davis og Johnson er blant EU-motstandarane som står for ein såkalla hard brexit.

Planen skal drøftast i parlamentet torsdag ettermiddag.

Planen er likevel også venta å møta motstand i Brussel, der tenestemenn i lang tid har bede London om å setja ned forventningane til kor tette banda mellom Storbritannia og EU kan bli.

– Sjølvsagt stiller EU-27 seg open for eit kompromiss, men ikkje eit som vil undergrave hovudpilarane til den indre marknaden, seier ein anonym EU-tenestemann.

(©NPK)