Trump hylla seg sjølv etter NATO-møtet

USAs president Donald Trump hevdar han har fått NATOs medlemsland til å bruka meir pengar på forsvar. Kva han siktar til, er likevel uklart.
utenriks

– Det er gjort enorm framgang, alle har blitt samde om å auka forpliktingane vesentleg, dei skal auka det til nivå dei aldri har vurdert tidlegare, sa Trump med tilvising til forsvarsutgiftene til Nato-landa då han torsdag ettermiddag møtte pressa på siste dagen av toppmøtet i Brussel.

Trump sa også at forpliktinga til USA i høve til Nato er veldig sterk, og at NATO-sjef Jens Stoltenberg seinare på dagen vil leggja fram nye tal over forsvarsutgiftene til medlemslanda.

– Generalsekretær Stoltenberg har gjort ein fantastisk jobb, sa Trump.

Ingen detaljar

Det er likevel uklart kva nye forpliktingar Trump siktar til. Sjølv gav han ingen detaljar under pressekonferansen.

Slutterklæringa frå toppmøtet blei vedteken allereie onsdag, og der flytta ikkje Nato på så mykje som eit komma i det såkalla toprosentmålet, som blei vedteke på toppmøtet i Wales i 2014.

Målet går ut på at alle allierte skal «ta sikte på å bevega seg mot» ein pengebruk på minst 2 prosent av BNP innan 2024.

Frankrikes president Emmanuel Macron avviste på sin eigen pressekonferanse torsdag påstanden til Trump om at Nato-landa er samde om å bruka endå meir pengar.

– Det er ei slutterklæring som blei publisert i går. Det er veldig detaljert. Det stadfestar målet om 2 prosent innan 2024, sa Macron.

– Ikkje nødvendig

Pressekonferansen til Trump blei halden etter et krisemøte torsdag formiddag med alle 29 medlemslanda til Nato. Krisemøtet kom til etter at Trump tidlegare på dagen på nytt tok opp spørsmålet om fordeling av børene.

Under pressekonferansen fekk Trump spørsmål om han kan trekkja USA ut av Nato utan støtte frå Kongressen.

– Eg trur eg kan det, men det er ikkje nødvendig, svarte Trump.

Bakgrunnen for spørsmålet var at Trump ifølgje kjeldene til DPA tidlegare på dagen truga med amerikansk åleinegang i forsvarspolitikken viss ikkje dei NATO-allierte auka forsvarsbudsjetta omgåande.

– Veldig fornøgd

Under pressekonferansen stadfesta ikkje Trump at han truga med dette.

– Eg sa til folk at eg ville vore veldig misnøgd viss dei ikkje auka forpliktingane, sa presidenten. Han heldt fram med å seia at han også onsdag gjorde det klart at han var «ekstremt misnøgd» med situasjonen.

– No er vi veldig nøgde, og vi har eit veldig, veldig mektig og sterkt Nato, mykje sterkare enn for to dagar sidan, heldt fram Trump.

– Vi ønskjer å nå 4 prosent i framtida. Men akkurat nå får vi folk opp til 2 prosent, og det vil skje i løpet av få år, sa presidenten.

Nato-kjelder og Frankrikes president Macron har gått ut og avvist at Trump truga med å trekkja USA frå Nato.

(©NPK)