Britisk politi fann flaske med Novitsjok i bustaden til nervegiftoffer

Ei lita flaske med nervegifta Novitsjok er funnen i bustaden til ein av dei to som blei forgifta i Amesbury tidlegare i sommar, opplyser britisk politi.
utenriks

Etterforskarane trur denne flaska var kjelda til nerveforgiftinga av Charlie Rowley (45) og Dawn Sturgess (44). Sturgess døydde på sjukehus søndag, mens tilstanden til Rowley no er stabil.

Politiet fann flaska under ransaking av bustaden til Rowley onsdag, dagen etter at 45-åringen blei bevisst. Analysar har sidan stadfesta at den vesle flaska inneheldt nervegifta Novitsjok, opplyser politiet fredag kveld.

Det var 30. juni at dei to blei kritisk sjuke etter å ha kome i kontakt med Novitsjok. Forgiftinga skjedde i den engelske småbyen Amesbury, som ligg like ved Salisbury, der den russiske eksspionen Sergej Skripal og dottera Julia blei forgifta i mars.

– Ytterlegare vitskapelege testar skal no utførast for å prøva å slå fast om dette kjem frå det same partiet som forgifta Sergej og Julia Skripal, heiter det frå antiterrorpolitiet i London, som leier etterforskinga.

Ein mogleg samanheng med Skripal-saka er framleis hovudsøkjelyset til politiet i etterforskinga av Amesbury-saka.

(©NPK)