Ekspert: Trumps oppførsel undergrev Nato

Nato slit med samhaldet. Men om toppmøtet førte til ubotelege skader eller ein styrkt allianse, er for tidleg å seia, meiner leiaren for Atlanterhavskomiteen.
utenriks

– Slutterklæringa er underteikna, og ho er så langt ikkje trekt tilbake. Der fekk ein gjennom ei rekkje tiltak, seier Kate Hansen Bundt.

Ho viser mellom anna til NATOs nye kommandostruktur, det som kan lesast som ein skjerpa tone overfor Russland og «fire gonger 30-initiativet», der 30 bataljonar, 30 luftskvadronar og 30 krigsskip skal kunne setjast inn på 30 dagar.

– Så er det alt dette virvaret på si som Trump skaper. Det er med på å undergrava ein allianse som er avhengig av tillit og samhald internt. Men ein kan på den andre sida vurdere det til at det er eit show som i stor grad er mynta på eigne veljarar, og at det såleis ikkje er så alvorleg. Det er litt opp til auga som ser, seier Bundt til NTB.

På NATO-toppmøtet i Brussel truga og skjelte den amerikanske presidenten ut sine allierte både i det offentlege rom og bak lukka dører. På den siste dagen av møtet erklærte Trump likevel at han var «veldig nøgd» med resultata som blei oppnådd.

– Enkelte amerikanske kollegaer vurderer det til at alliansen er styrkt etter møtet. Dette fordi Trump sa at NATO-landa no skal bruka mykje meir pengar på forsvar, og tok dette til inntekt for seg sjølv – som ein siger, seier Bundt, som var i Brussel under møtet.

– Andre som var til stades, meiner Trumps oppførsel har sådd så mykje splid innanfor alliansen at det har ført til ubotelege skader, seier Bundt.

(©NPK)