IS hevdar å stå bak Pakistan-angrep

Gruppa IS opplyser at medlemmene deira stod bak sjølvmordsangrepet som kravde minst 85 menneskeliv på eit valkamparrangement i Pakistan.
utenriks

Den ytterliggående islamistgruppa tek på seg skulda for blodbadet fredag gjennom ei melding på propagandaorgan til IS, Amaq.

Bombeangrepet i Mastung utanfor Balutsjistans provinshovudstad Quetta er det så langt det mest dødelege av ei rekkje angrep mot politiske folkemøte i Pakistan i valkampen. Over 100 blei såra, og blant dei 85 drepne var minst éin politikar.

Pakistanarane held val 25. juli.

(©NPK)