Over 120 drepne i bombeangrep i Pakistan

Over 120 menneske blei drepne då ein sjølvmordsbombar gjekk til angrep på eit valkamparrangement utanfor Quetta sørvest i Pakistan. IS hevdar å stå bak.
utenriks

Minst 150 andre blei såra i bombeangrepet, som skjer under to veker før pakistanarane går til urnene over heile landet, og få timar etter at eit anna politisk arrangement blei angripe nordvest i landet.

Blodbadet skjedde i byen Mastung ikkje langt frå Quetta, hovudstaden i provinsen Balutsjistan.

Talet på drepne har auka kraftig gjennom dagen, og helseminister Faiz Kakar opplyste fredag kveld at minst 85 menneske er drepne og over 100 såra. Få timar seinare hadde talet på drepne stege til 128, opplyser provinsminister Agha Umar Bungalzai.

Terrorangrepet er dermed det blodigaste i Pakistan sidan 2014.

Den ytterleggåande islamistgruppa IS tok på seg skulda for sjølvmordsangrepet via ei melding på propagandaorganet til jihadistane, Amaq.

Politikarar drepne

Politikaren Siraj Raisani frå det nystifta Balutsjistan Awami-partiet (BAP) blei drepen i bombeangrepet. Raisani var kandidat til valet på nytt provinsråd. Angrepet fredag var det andre mot eit politisk møte i Pakistan denne dagen. Tidlegare i veka blei dessutan 22 menneske drepne, blant dei ein politikar, i eit bombeangrep mot eit valkamparrangement i Peshawar. Det skal haldast både provins- og nasjonalval i Pakistan 25. juli, og tida før valet har vore prega av politisk uro og ei rekkje valdelege angrep.

Ber om vern

Bombeangrepet i Mastung fredag skjedde berre timar etter at fire menneske blei drepne i eit bombeangrep i byen Bannu nordvest i Pakistan, nær grensa til Afghanistan. Det angrepet var retta mot valkamparrangementet til ein politikar frå eit islamistparti. Politikarane overlevde, men rundt 20 menneske blei såra, ifølgje lokalt politi. Aktivistar har bede styresmaktene i Pakistan trappa opp vernet av kandidatar i valkampinnspurten. – Styresmaktene har ei plikt til å verna alle rettane til pakistanarane i valperioden – den fysiske tryggleiken deira og høvet deira til å uttrykkja dei politiske syna sine fritt, uavhengig av kva for eit parti dei høyrer til, seier visedirektør Omar Waraich i Amnesty Internationals Sør-Asia-avdeling. Pakistan har tidlegare også vore ramma av brutale terrorangrep mot mellom anna religiøse samlingar og skular.




(©NPK)