Titusenvis demonstrerer mot Trump i London

Fleire titals tusen menneske marsjerer gjennom gatene i London for å markera motstanden sin mot USAs president Donald Trump.
utenriks

Folkemengda bevegar seg gjennom gatene i retning Trafalgar Square, der starten av toget kom like etter klokka 16.30.

London-politiet opplyser at dei har bede dei som har salgboder på plassen, om å pakka saman, dette for å «maksimera plassen» tilgjengeleg på grunn av talet på demonstrantar.

Marsjen til Trafalgar Square er den andre store demonstrasjonen i London fredag i samband med besøket til Trump til Storbritannia. Den første marsjen enda tidlegare på dagen på plassen utanfor Parlamentet.

Trump-ballong

Protestane fredag tok til allereie på formiddagen. Då svevde ein diger ballong, forma som ein babyversjon av presidenten, utanfor Parlamentet.

–Eg synest det er veldig festleg. Det er ei presis framstilling av politikken hans, som er så umoden. Han diskuterer aldri som ein vaksen, seier 23-åringen Paul Fonseca.

– Det var berre ein idé eg og nokre venner fann på då vi sat på puben, seier Kevin Smith, ein av gruppa på 16 som står bak stuntet, som har fått mykje merksemd.

Smith seier at han og dei andre demonstrantane ønskjer å visa motstanden sin mot «høgrepopulismen og fremandfrykta som spreier seg både i Europa og USA».

Te med dronninga

Ballongen blei fredag ettermiddag pakka saman. Arrangørane opplyser at ballongen skal vidare til Skottland, der Trump laurdag skal spela golf på sin eigen golf- og feriestad Turnberry.

Trump kom til Storbritannia torsdag ettermiddag.

Fredag besøkte han landstaden til statsministeren, Chequers, der han på god avstand frå demonstrasjonane heldt politiske samtaler med May, før dei to heldt ein felles pressekonferanse.

Trump skal seinare fredag fly med helikopter til Windsor Castle for å drikka te med dronninga.



(©NPK)