Tolv russere tiltalt for å ha hacka Demokratane

En storjury i USA har reist tiltale mot tolv russiske etterretningsagentar for hackinga av e-postane til Demokratane i valkampen i 2016.
utenriks

Tiltalen er forma ut av spesialetterforskar Robert Mueller, den tidlegare FBI-direktøren som har ansvaret for granskinga av skuldingane om russisk innblanding i presidentvalet i 2016.

Det var visejustisminister Rod Rosenstein som kunngjorde tiltalen fredag, få dagar før president Donald Trump møter den russiske motparten sin Vladimir Putin til toppmøte i Finland.

Dei tolv russarane er mellom anna skulda for å ha brote seg inn i dataserverane til nasjonalkomiteen til Demokratane (DNC) og valkampapparatet deira, og i tillegg til dåverande presidentkandidat Hillary Clinton. Dei stolne e-postane blei deretter offentleggjort i månadene før valet.

Frå før av er 20 personar og tre selskap tiltalt i Mueller-etterforskinga. Blant dei er fire tidlegare Trump-rådgjevarar, og i tillegg til 13 russarar som blir skulda for å ha vore med i ein omfattande kampanje på sosiale medium for å påverka den amerikanske opinionen før valet.

Rosenstein seier fredag at Trump er brifa om dei siste tiltalane. Visejustisministeren framhevar vidare at det ikkje er nokon skuldingar om at hackinga endra stemmegjevinga, eller at nokon amerikanarar bevisst kommuniserte med nokre av dei tiltalte russarane.

(©NPK)