Tyrkia erklærer slutt på unntakstilstanden

Unntakstilstanden som har rådd i Tyrkia sidan kuppforsøket for to år sidan, skal opphevast 18. juli, opplyser president Recep Tayyip Erdogan.
utenriks

– Den noverande unntakstilstanden blir avslutta på kvelden 18. juli. Presidenten ønsker ikkje å forlengja han, seier Erdogans talsmann Ibrahim Kalin fredag kveld.

Kunngjeringa kom etter at Erdogan leidde det første regjeringsmøtet sitt sidan han blei attvald i juni. Grunnlovsendringar gjer at statsministerposten er avskaffa, og presidenten er regjeringssjef med utvida fullmakter.

(©NPK)