1.600 personar evakuerte etter flaum i Frankrike

1.600 personar, deriblant 119 barn, er evakuerte på grunn av flaum og springflod sør i Frankrike. Ein tysk mann i 70-åra er sakna.
utenriks

Mannen er leiar for ein ferieleir for barn i Gard-distriktet sør i Frankrike. Han sat i bilen sin då denne blei tatt av flaumen. Bilen er seinare funne, men var då tom, ifølgje fransk politi.

Dei fleste av dei evakuerte er campingturistar.

Tre ulike regionar sør i Frankrike er oversumte på grunn av springflod torsdag. Fredag er det meldt om rolege vêrforhold.

Britiske Tom Bryan er på ferie i regionen og seier til Sky News at både campingplassar og restaurantar er øydelagde av vassmassane.

(©NPK)