Afghanske styrkar pressar Taliban ut av den viktige byen Ghazni

Afghanske regjeringsstyrkar har drive Taliban ut av provinshovudstaden Ghazni, berre timar etter at opprørarane hevda å ha tatt kontroll over byen.
utenriks

Fredag kveld var det framleis sporadiske kampar i utkanten av byen, opplyser ein talsmann for forsvarsdepartementet i Kabul.

Regjeringsstyrkane, med støtte av spesialsoldatar som har komme fram til byen, går frå kvartal til kvartal for å drive ut opprørarar som har gøymt seg i sivile hus.

Eit medlem av provinsrådet, Nasir Ahmad Faqiri, seier at all telekommunikasjon inn og ut av området er brote og at det er vanskeleg for omverda å få følgt med i det som skjer. Forsvaret har eigne kanalar og all informasjon om krigen i Ghazni kjem derfrå.

Faqiri seier også at opprørarane har grave ned vegbomber på strekninga mellom Kabul og Ghazni for å hindre at forsterkningar skal nå fram.

Tal frå styresmaktene viser at 150 Taliban-opprørarar er blitt drepne eller såra i byen, mens regjeringsstyrkane har mista 14 soldatar. Dessutan skal to sivile vere drepne. Mange av opprørarane skal vere av utanlandsk opphav.

Ein talsmann for Taliban skriv på Twitter at eit regjeringshelikopter er skote ned, men dette avviser forsvarsdepartementet i Kabul.

(©NPK)