Foreldra til Melania Trump har fått amerikansk statsborgarskap via omstridt lov

Foreldra til førstedame Melania Trump er innvilga amerikansk statsborgarskap i samsvar med ei lov som president Trump tidlegare har tatt avstand frå.
utenriks

Viktor og Amalija Knavs avla statsborgarskapseiden i New York torsdag, opplyser ein advokat for paret. Dei har budd i USA lenge, men har hatt slovensk pass. No er svigerforeldra til presidenten ekte amerikanarar. Kravet er fem års butid i USA før ein kan søke om statsborgarskap.

Advokat Michael Wildes erkjenner at ekteparet har fått amerikansk statsborgarskap gjennom lova om familiegjenforeining. Dette er ein del av immigrasjonspolitikken som Trump tidlegare har tatt uttrykkeleg avstand frå.

I USA er ordninga kalla «kjede-migrasjon», ei tilvising til at éin person i ein innvandringsfamilie får amerikansk statsborgarskap, for så å vise til retten til familiegjenforeining.

Sist november gjorde Trump det klokkeklart kva han meinte om dette. I ei twittermelding, i store bokstavar, sa han at familiegjenforeining er uakseptabelt og må ta slutt. Han sa at blant slike familiar kan det vere personar som er genuint vonde.

74 år gamle Viktor Knavs er berre to år eldre enn president Trump. Han er ein tidlegare bilseljar frå Slovenia. Kona Amalija Knavs er 73 år gammal og tidlegare arbeider i ein tekstilfabrikk. Dei er begge pensjonistar og bur store delar av året i USA, der dei brukar mykje tid med Melania og barnebarnet Barron.

Dottera til paret fekk namnet Melanija Knavs. Ho skifta namn til Melania Knauss da ho starta modellkarrieren sin. Ho busette seg i 1996 i New York og møtte Donald Trump to år seinare.

(©NPK)