Opposisjonen strir formelt mot valet i Zimbabwe

Opposisjonen i Zimbabwe leverte fredag ein formell klage på presidentvalet. Partiet MDC vil via rettsvesenet prøve å få det underkjent.
utenriks

Presidentvalet 30. juli blir ikkje akseptert av opposisjonen, og det har hagla med skuldingar om valfusk og arrestasjonar av studentaktivistar. MDC meiner at valet blei manipulert og at den knipne sigeren til Emmerson Mnangagwa kjem av bevisst juks i oppteljinga.

Den rettslege klagen inneber at innsettinga av den nye presidenten er utsett inntil grunnlovsdomstolen har sagt sitt. Innsettinga skulle ha skjedd søndag.

Internasjonale observatørar har i all hovudsak godkjent gjennomføringa av valet, sjølv om observatørar frå EU påpeiker det dei kallar «noko ulike forhold» undervegs i valet og tilløp til trakassering av veljarar i nokre område.

Mnangagwa frå det styrande partiet ZANU-PF vann presidentvalet med 50,8 prosent av stemmene, akkurat nok til å unngå ein omkamp med MDC-leiar Nelson Chamisa.

(©NPK)