Palestinsk helsearbeidar skoten og drepen av israelske soldatar på Gaza

Ein palestinsk helsearbeidar er skoten og drepen av israelske soldatar under ein demonstrasjon på Gaza fredag, ifølgje helsestyresmaktene.
utenriks

Ifølgje den israelske avisa Haaretz blei 84 personar skadde i samanstøytar ved Gazastripa, 25 av desse av det israelske militæret.

Seint torsdag kveld sa talspersonar for Hamas i Gaza at det var oppnådd semje med Israel om ein ny våpenkvile, etter at konflikten blussa opp denne veka.

(©NPK)