To politifolk blant dei drepne i skyting i canadisk by

To politibetjentar er blant dei fire som blei skotne og drepne i den canadiske byen Fredericton fredag. Politiet har arrestert éin person.
utenriks

Omstenda rundt skytinga er ikkje kjende, men store politistyrkar rykka ut til Brookside Drive-området i Fredericton fredag morgon lokal tid.

To av dei drepne høyrer til det lokale politikorpset. Éin mistenkt er arrestert, og blir behandla for alvorlege skader, opplyser politiet på Twitter. Det er ikkje klart om personen blei såra under skotveksling med politiet eller om han sjølv er skuld i skadane.

Politiet bad tidlegare publikum om å halde seg unna området, bli heime og lås dørene. Denne formaninga er no oppheva. Delar av området vil framleis vere avsperra mens etterforskinga går føre seg.

Ein innbyggjar i Brookside Drive-området, Robert DiDiodato, fortel til CBC at han høyrde ein serie «kinaputtlydar» rundt klokka 7 lokal tid. Fleire politibilar, brannbilar og ambulansar rykka ut til staden.

Fredericton er hovudstaden i New Brunswick-provinsen og har 60.000 innbyggjarar.

(©NPK)