Tre italienske klatrarar funnen døde på Mont Blanc

Tre italienske klatrarar er funnen døde på Mont Blanc, tre dagar etter at dei starta toppturen, opplyser redningsarbeidarar.
utenriks

To av dei døde var brør, mens den tredje var kjærasten til ein av dei.

Mont Blanc ligg i dei franske alpane, i grenseområdet mellom Italia, Frankrike og Sveits. Det er det høgste fjellet i Vest-Europa.

(©NPK)