Trump doblar tollen på tyrkisk stål og aluminium

President Donald Trump i USA opplyser at han har godkjent å doble tollen på tyrkisk stål og aluminium.
utenriks

Det skriv presidenten på Twitter fredag ettermiddag.

Doblinga inneber at tollen på import til USA aukar frå 25 til 50 prosent for tyrkisk stål og frå 10 til 20 prosent for tyrkisk aluminium.

(©NPK)