– Florence er ein stor trussel dei neste 24 til 36 timane

Krisestyresmaktene i USA seier at orkanen Florence utgjer ein stor trussel i opptil 36 timar framover.
utenriks

– Dette er ikkje slutten på det, seier Jeff Byard i den føderale kriseetaten FEMA om uvêret.

Fredag ettermiddag, norsk tid, nådde orkanauget land i North Carolina.

FEMA åtvarar om at kraftig regn, stormflo og flaum kjem til å utgjere ein stor trussel i dei neste 24 til 36 timane.

(©NPK)