Aftonbladet: Skyting ved vidaregåande skule i Sverige

Ein tenåring har vorte skoten i beina ved ein vidaregåande skule i Huddinge utanfor Stockholm, ifølgje avisa Aftonbladet.
utenriks

Meldinga om skyteepisoden kom rett etter klokka 14 fredag ettermiddag. Fire eller fem maskerte gjerningsmenn skal ha køyrt frå åstaden i ein blå Volvo.

Offeret skal ha vorte treft av fleire skot og vart flogen til sjukehus med ambulansehelikopter. Mange politifolk har rykt ut til åstaden.

– Innsatsen går for fullt, seier Anna Schelin frå politiet til Aftonbladet.

(©NPK)