Guvernør: – Stormen herjar med delstaten vår

Heile lokalsamfunn kan blir lagde i ruinar av orkanen Florence, fryktar guvernør Roy Cooper i Nord-Carolina.
utenriks

Han opplyste fredag at ein halv million menneske i delstaten er utan straum. I elva Neuse har vasstanden stige tre meter som følgje av stormflo.

– Stormen herjar med delstaten vår, seier Cooper.

Han legg til at han er svært bekymra for dei lokalsamfunna som risikerer å bli utraderte av uvêret. Styresmaktene har gitt ordre om evakuering av dei mest utsette områda, men flaumvatnet kan gjere stor skade på bygningar og infrastruktur.

(©NPK)