Malaysia avskaffar dødsstraff

Malaysias nye regjering avskaffar dødsstraff for alle brotsverk og stoppar også avrettinga av dei som alt har fått sine dødsdommar.
utenriks

Over 1.200 dødsdømte ventar no på avretting ved henging i Malaysia, som inntil no har hatt obligatorisk dødsstraff for fleire brotsverk, blant dei drap, narkotikahandel, våpeninnehav, forræderi, bortføring og terror.

Onsdag kunngjorde justisminister Liew Vui Keong at regjeringa har bestemt seg for å avskaffe dødsstraffa.

Malaysias kommunikasjonsminister Gobind Singh Deo bekreftar avgjerda.

– Dette er i tråd med valløftet og også i tråd med at resten av verda fjernar seg frå bruk av dødsstraff, seier han.

Amnesty International gler seg over nyheita og seier at bruken av dødsstraff har vore ein skamplett for Malaysia.

– Det er inga tid å miste, dødsstraffa burde for lengst ha høyrt heime i historiebøkene, seier generalsekretær Kumi Naidoo i menneskerettsorganisasjonen.

Naido påpeikar at 142 land verda over no tar avstand frå bruk av dødsstraff.

(©NPK)