Børsane i USA opna med kraftig oppgang

Amerikanske aksjekursar steig kraftig like etter at børsane på Wall Street opna fredag. Oppgangen kjem etter ein seks dagar lang nedtur.
utenriks

Både onsdag og torsdag raste amerikanske aksjekursar på brei front. Men då handelen starta fredag, gjorde industriindeksen Dow Jones eit byks på heile 400 poeng etter å ha falle med nesten 1.400 poeng dei to siste dagane.

På 20 minutt steig Dow Jones med 1,3 prosent, mens den breie S & P-indeksen var opp 1,4 prosent og den teknologitunge Nasdaq 2,0 prosent.

Oppgangen kom etter at fleire store selskap, som JPMorgan Chase, Wells Fargo og Citigroup, la fram betre tal enn venta.

(©NPK)