Hackarar hadde tilgang på data frå 29 millionar Facebook-brukarar

29 millionar brukarar blei påverka av det omfattande datainnbrotet som ramma Facebook førre månad, opplyser selskapet.
utenriks

Det var i slutten av september Facebook opplyste at ei rekkje kontoar hadde blitt ramma som følgje av eit omfattande dataangrep mot den sosiale nettverkstenesta.

Hackarane skal ha utnytta tre ulike svake sider i Facebook-systemet til å stela «tilgangsplettane» som gjer det mogleg for folk å logga på automatisk.

I utgangspunktet rekna Facebook med at så mange som 50 millionar brukarar kunne vera ramma av datainnbrotet.

– Vi veit no at dette påverka færre enn det vi opphavleg trudde, skriv viseproduktsjef i selskapet Guy Rosen i eit blogginnlegg fredag.

Vidare opplyser han at hackarane hadde tilgang på namn, e-postadresser eller telefonnummer frå alle av dei 29 millionane som blei ramma. Hackarane fekk tak i endå meir data frå 14 millionar av brukarane, mellom anna heimstad, fødselsdato, dei siste ti stadane dei sjekka inn på og deira 15 siste søka deira.

Ytterlegare ein million blei ramma, men hackarane fekk ikkje tilgang på data frå nokon av desse. Facebook opplyser at dei vil senda meldingar til alle brukarane som blei påverka av datainnbrotet.

Ifølgje selskapet blei ikkje appar frå tredjepartar som Whatsapp og Instagram påverka av datainnbrotet.

(©NPK)