IEA senkar anslaget for oljeetterspørselen

Høge oljeprisar, handelskonfliktar og svekte økonomiske utsikter har fått Det internasjonale energibyrået (IEA) til å anslå lågare oljeetterspørsel.
utenriks

IEA opplyste fredag at anslaga for den globale oljeetterspørselen både i år og neste år blir reduserte.

Veksten i etterspørselen blir justert ned med 110.000 fat per dag for begge åra. Veksten i 2019 reknar dei med blir på 1,4 millionar fat olje per dag.

Etterspørselen ligg for tida rundt 98 millionar fat per dag på verdsbasis.

– Energi er igjen blitt dyrt, og olje, gass og kol blir omsett på dei høgste prisnivåa på fleire år. Dette utgjer ein trussel mot økonomisk vekst, særleg i framveksande økonomiar, heiter det i ei fråsegn frå IEA.

Byrået grunngjev endringane i anslaga med svakare økonomiske utsikter, handelsbekymringar, høgare oljeprisar og reviderte økonomiske tal frå Kina.

FNs klimapanel konkluderte i ein rapport tidlegare denne veka med at forbruket av fossil energi må falle nærmast som ein stein dersom vi skal unngå meir enn 1,5 graders global oppvarming. IEA ventar tvert imot at forbruket av olje vil auke trass i at anslaga for veksten dei neste åra blir justert noko ned.

(©NPK)