Mange omkom i jordskred i Uganda

Minst 34 menneske omkom då at ei elv gjekk over sine breidder og store mengder vatn og gjørme velta ned over fleire landsbyar aust i Uganda.
utenriks

Eit ukjent tal menneske er framleis sakna i landsbyen Bukalasi i Baduda-distriktet, opplyser Røde Kors' talskvinne Irene Nakasiita fredag.

– Eg kan bekrefte at 34 menneske er døde. Vi må vente til undersøkingane er ferdige før vi kan seie kor mange som er sakna, seier ho.

Røde Kors har sendt drikkevatn, teppe og annan nødhjelp til området, som ligg ved foten av Elgon-fjellet, nær grensa til Kenya.

Ifølgje Nathan Tumuhamye, som leier ein organisasjon som hjelper lokalsamfunn etter naturkatastrofar og konflikt, er fire eller fem landsbyar ramma.

Ugandas mangeårige president Yoweri Museveni kommenterte fredag katastrofen på Twitter.

– Eg har fått triste nyheiter om at jordskred har forårsaka store øydeleggingar og tatt livet av eit ukjent tal innbyggjarar i Baduda-distriktet. Regjeringa har sendt redningsteam til dei ramma områda, skriv han.

Jordskred er ikkje uvanleg ved foten av Elgon-fjellet og tok livet av minst 100 menneske i mars 2010. To år seinare øydela jordskred tre landsbyar i det same området.

(©NPK)