Maryse Condé får litteraturpris

Den karibiske forfattaren Maryse Condé får alternativ litteraturpris frå Nya Akademien.
utenriks

På grunn av skandalane rundt Svenska Akademien, som står for utdelinga av Nobels litteraturpris, blei det ikkje delt ut nokon slik pris i år. Nya Akademien blei danna i protest for å fylle tomrommet.

Nya Akademien samla fleire hundre bibliotekarar og lèt dei nominera favorittforfattarane sine til ein alternativ litteraturpris.

Fredag blei det kjent at den karibiske forfattaren Maryse Condé har fått den alternative prisen.

Ho er fødd i 1937 i Pointe-à-Pitre i Guadeloupe og blir rekna for å vera ein av dei fremste forfattarane i Karibia. Condé har skrive over 20 bøker, og er kjend for dei historiske romanane sine.

Juryen kallar Condé ein magisk historieforteljar med ei unik stemme.

33.000 lesarar frå heile verda stemde, og under kunngjeringa la Alexandra Pascalidou, som starta Nya Akademien, vekt på kor nødvendig litteratur er i den polariserte verda vår.

Prisen skal deles ut 10. desember, og deretter skal Nya Akademien avviklast.

Etter planen skal Svenska Akademien dela ut Nobelprisane i litteratur for både 2018 og 2019 neste år.

(©NPK)