Trump-regjeringa vurderer tiltak mot demonstrasjonar utanfor Det kvite hus

Regjeringa til president Donald Trump vurderer avgrensingar på høvet til å demonstrera i Washington, og foreslår å stengja fortau og krevja inn avgifter.
utenriks

Donald Trump tek stadig opp att udokumenterte påstandar om at folk som demonstrerer mot regjeringa hans, er betalt for å gjera det. Konspirasjonsteorien blei seinast teken opp att under høyringane framfor utnemninga av Brett Kavanaugh som ny høgsterettsdommar.

Trump hevda då at den jødiske finansmannen George Soros hadde betalt demonstrantane, ein påstand som også er attgjeven i høgreorienterte mediekanalar i USA.

Avgifter

No kan borgarar som ønskjer å protestera i Washington, koma til å bli kravd avgift for å gjera det, skriv den britiske avisa The Guardian. Innanriksminister Ryan Zinke har lagt fram forslaget. Trump-regjeringa vurderer å stengja 80 prosent av fortaua rundt Det kvite hus, og har også foreslege å krevja inn kostnader for såkalla administrasjon av arrangement.

I dag kan National Park Service ta betalt for bruk av areala i ein del tilfelle, men ikkje for spontane demonstrasjonar av den typen som gjerne skjer i Lafayette Park overfor Det kvite hus.

Forslaget frå Zinke vil opna for å krevja betaling frå demonstrantar for kostnadene for å setja opp sperringar, opprydding, reparasjon av grasplenar og vakthald. Politiet skal stå for faktureringa.

– Dramatisk

Amerikanske borgarrettsgrupper er sterkt kritiske til forslaget og meiner det bryt med det første grunnlovstillegget, som mellom anna sikrar ytrings- og forsamlingsfridom.

– Dette kan gjera masseprotestar som den kjende marsjen til Martin Luther King Jrs mot Washington i 1963 for dyre å arrangera, skriv Arthur Spitzer i American Civil Liberties Union (ACLU).

Det var då King heldt den berømte «Eg har ein draum»-talen sin på trappa til Lincoln-monumentet i den amerikanske hovudstaden.

Spitzer omtalar forslaget som ei dramatisk innskrenking av retten til å demonstrera ved Det kvite hus og parkområdet National Mall sentralt i Washington.

ACLU meiner dette vil vera i strid med rettsavgjerder som har stått ved lag i mange tiår.

(©NPK)