Washington-kardinal går av

Pave Frans har godteke avskjedssøknaden til kardinal Donald Wuerl, som blir skulda for å ha beskytta prestar som har gjort seg skuldig i seksuelle overgrep.
utenriks

Den snart 78 år gamle Wuerl i Washington leverte sin avskjedssøknad for nesten tre år sidan, men pave Frans har inntil no nekta han å gå av.

Fredag opplyste Vatikanet at paven har underteikna avskjedssøknaden, men at Wuerl likevel vil fortsette til det er funne ein etterfølgjar.

Wuerls forgjengar, erkebiskop Theodore McCarrick, vart tvungen til å gå av etter skuldingar om at han hadde gjort seg skuldig i seksuelle overgrep mot minst to mindreårige korgutar og fleire unge prestestudentar.

Wuerl blir ikkje sjølv skulda for å ha gjort seg skuldig i overgrep, men i august konkluderte ein storjury med at han som biskop i Pittsburgh aktivt beskytta fleire prestar som hadde gjort seg skuldig i mange og grove overgrep mot barn.

Mange har også stilt spørsmål ved Wuerls påstand om at han var uvitande om McCarricks overgrep.

(©NPK)