USA med nye Russland-sanksjonar

USA innfører nye sanksjonar mot personar og selskap i Russland og Ukraina i samband med Russlands annektering av Krim.
utenriks

Sanksjonane rammar to ukrainske statsborgarar og ein russisk statsborgar i tillegg til ni bedrifter i Russland og Ukraina.

– Våre sanksjonar er ei klar påminning om at forsøk på å normalisere investeringar og økonomiske forbindelsar med dei som opererer på Krim, ikkje vil bli tolerert, seier ein talsmann for det amerikanske handelsdepartementet torsdag.

(©NPK)