157.000 personar evakuerte frå skogbrannar i California

Over 157.000 menneske er blitt tvungne til å forlate heimane sine som følgje av fleire store skogbrannar i California. Minst fem personar er funne omkomne.
utenriks

Dei fem vart funne døde i fleire utbrente bilar i byen Paradise nordaust for San Francisco, opplyser delstatsmyndigheitene fredag kveld norsk tid.

Dei kraftige skogbrannane, som herjar både nord og sør i delstaten, har truleg kravd endå fleire liv, men kor mange er uvisst, opplyste leiaren for beredskapskontoret til guvernøren, Mark Ghilarducci, på ein pressekonferanse.

Blant dei evakuerte er alle dei 27.000 innbyggarane i Paradise, der minst 2.000 bygningar skal ha brent ned.

I San Francisco er lufta full av støv og sotpartiklar, og innbyggarane kan lukte brannane som herjar nokre mil unna. Eldre menneske og barn blir rådd til å halde seg mest mogleg innandørs.

Også i Malibu, like ved Los Angeles, er folk evakuerte. Tidlegare fredag opplyste myndigheitene at alle innbyggarane måtte evakuere, men dette vart seinare endra, og ordren gjeld no to tredelar av byen.

Også Chico, ein by med 90.000 innbyggarar nord i California, er trua. Alle innbyggarane har fått ordre om å evakuere.


(©NPK)