Britisk minister trekkjer seg og vil ha ny folkeavstemming om brexit

Storbritannias transportminister Jo Johnson trekkjer seg i protest mot brexit-forhandlingane og krev ny folkeavstemming.
utenriks

Johnson meiner at brexit-avtalen slik den no ligg an til å bli, er så langt unna det som opphavleg vart førespegla det britiske folk, at det eineste demokratiske er å halde ei ny folkeavstemming.

– Ei ny folkeavstemming burde ikke vere ei oppattaking av spørsmålet som vart stilt i 2016, men å spørje folk om dei ønsker å gå vidare med brexit no som vi faktisk kjenner avtalen som er tilgjengeleg for oss, sier han.

Jo Johnson er veslebroren til brexit-general og tidlegare utanriksminister Boris Johnson. Han sier at broren er «like misfornøgd med forslaget frå regjeringa som eg er».

(©NPK)