Merkel åtvarar mot framandfrykt 80 år etter Krystallnatta

Tysklands statsminister Angela Merkel åtvara om at antisemittismen er på framgang igjen i landet då ho deltok i 80-årsmarkeringa for Krystallnatta.
utenriks

– Tyskland må handle konsekvent mot rasisme, framandfrykt, sosial utestenging, jødehat og antisemittisme, sa Merkel då ho heldt tale i Berlins største synagoge fredag.

Natt til laurdag er det 80 år sidan Krystallnatta, som for alvor vart starten på jødeforfølginga i Tyskland. Tuenvis av synagogar og jødiske butikkar i landet vart plyndra og tende på. Namnet Krystallnatta spelar på dei store mengdene med knust glas frå vindaugsruter i jødiske butikkar, som dekte fortau og gater.

Titusenvis av jødar vart deportert og mange, truleg opp mot 1.300, vart drepne natta mellom 9. og 10. november 1938.

Merkel sa i talen at det er eit blomstrande jødisk liv i Tyskland igjen, men ho er bekymra for antisemitismen som truar jødar i Tyskland og andre stadar i verda.

I talen nemnde ho blant anna angrep mot jødar som ber det tradisjonelle jødiske hovudplagget kippa. Ho kalla vidare angrepet mot ein jødisk restaurant i byen Chemnitz, som vart utført av høgreekstremistar i august, for skremmande.

– Slike handlinger vekkjer dårlege minne om begynnelsen av jødeforfølginga i 1930-åra.


(©NPK)