Sakna svensk tolvåring truleg funnen død

Svensk politi opplyser at ein person som er funnen død i Falkenberg i Sverige, truleg er den tolv år gamle guten som har vore sakna sidan tysdag.
utenriks

Fleire tusen frivillige har saman med politi og personell frå forsvaret deltatt i søket etter Dante.

Guten med Downs syndrom vart meldt sakna i Falkenberg sørvest i Sverige tysdag då han ikkje kom heim etter å ha gått tur med hunden sin.

Fredag ettermiddag opplyste politiet på ein pressekonferanse at ein død person var funnen ved ein kraftstasjon i utkanten av Falkenberg, og at sjølv om personen ikkje var endeleg identifisert, så tyder mykje på at det er Dante som er funnen.

Politiet oppretta bortføringssak då tolvåringen vart meldt sakna.

– Men det er førebels ingenting som tyder på at det har skjedd noko kriminelt, sier ein polititalsmann ifølgje Aftonbladet.

(©NPK)