Skogbrannen i California firedobla etter å ha slukt tusenvis av bygningar

Skogbrannen nordaust for San Fransisco er blitt fire gonger så stor, dagen etter at flammane slukte tusenvis av bygningar i byen Paradise.
utenriks

Brannen hadde fredag spreidd seg til eit område på 285 kvadratkilometer etter å ha svidd av 73 kvadratkilometer dagen før.

Brannvesenet i California forklarar utviklinga med at brannmannskap har hatt meir enn nok med å evakuere og redde innbyggarar frå flammane.

– Det har eigentleg ikkje vore noko brannsløkking. Desse brannfolka var i redningsmodus i heile går, sier Scott McLean frå Californias departement for skog og brannvern.

Alle dei 27.000 innbyggarane i byen Paradise fekk torsdag ordre om å evakuere då flammane nærma seg. Seint på kvelden var store delar av byen utradert. McLean anslår at rundt 2.000 bygningar er øydelagde.

Ifølgje augevitne vart både bustadar, supermarknadar, forretningar, restaurantar, skular og ein aldersheim tekne av flammane.

Fredag spreidde brannen seg nordover, og innbyggarane i både Stirling City og Inskip, to lokalsamfunn ved foten av fjellkjeda Sierra Nevada fekk orde om å evakuere.

Flammane spreidde seg også vestover mot Chico, ein by med 90.000 innbyggarar. Brannmannskap har greid å stoppe brannen i utkanten av byen, samtidig som innbyggarane fekk beskjed om å evakuere.

USAs nasjonale vêrteneste har åtvara om brannfare i mange område i California som følgje av tørke med kraftig vind.

Også i det sørlege California rasar fleire brannar, og tusenvis av menneske har fått beskjed om å forlate heimane sine.





(©NPK)