Taliban deltar i fredssamtalar i Moskva

Opprørsrørsla Taliban og representantar for det afghanske fredsrådet møttest til fredssamtalar i Moskva fredag.
utenriks

– Vi håpar at samtalene kan bidra til å starte eit nytt kapittel i afghansk historie, sa Russlands utanriksminister Sergej Lavrov då han opna fredssamtalane. Russiske styresmakter er vert for møtet.

Planen er at partane skal diskutere korleis dei kan komme i gang med fredsforhandlingar for å få slutt på den 17 år lange krigen.

Lavror sa at deltakinga til både dei afghanske leiarane og Taliban er eit viktig vilkår for å kunne starte positive, direkte samtalar mellom partane.

– Eg reknar med at dei vil ha seriøse og konstruktive samtalar som vil rettferdiggjere håpet til det afghanske folk, sa Lavrov vidare, før fredssamtalane fortsette for lukka dører.

Taliban sende fem representantar

Talibans talsperson Zabihullah Majahid har tidlegare bekreftar overfor AFP at opprørsgruppa sende fem representantar til Moskva.

– Denne konferansen handlar ikkje om å forhandle med nokon spesiell part, det er først og fremst ein konferanse for å ha grundige diskusjonar om korleis vi skal finne ei fredeleg løysing på det afghanske dilemmaet og få slutt på den amerikanske okkupasjonen, seier Mujahid.

Dette er første gongen Taliban deltar i samtalar på eit så høgt, internasjonalt nivå, opplyser talsperson Maria Zakharova ved det russiske utanriksdepartementet torsdag.

Tidlegare utsett

Den afghanske delegasjonen består av fire representantar frå Afghan High Peace Council, eit utval som er ansvarleg for forsoningstiltak med dei militante i Afghanistan, seier talsmann Sayed Ihsan Taheri.

Det afghanske utanriksdepartementet har likevel understreka at representantane ikkje representerer den afghanske regjeringa. Taliban har nekta å føre direkte samtalar med regjeringa, som dei meiner er ei nikkedokke for USA.

Representantar frå USA, India, Iran, Kina, og fem tidlegare Sovjet-republikkar i Sentral-Asia er også inviterte til møtet i Moskva. Den amerikanske ambassaden I Russland har sendt representantar for å observere diskusjonen. Pakistan, som lenge har blitt skulda for å støtte Taliban i Afghanistan, vil «definitivt» også delta, seier UD-talsmann Muhammad Faisal.

Fredssamtalane skulle eigentleg funne stad i september, men vart utsette etter at Kabul insisterte på at forhandlingane skulle vere leidd av Afghanistan.

Mister kontroll

Fredssamtalane kjem på eit sensitivt tidspunkt.

USAs spesialinspektør for Afghanistan (SIGAR) sa førre veke at den afghanske regjeringa meir og meir mister kontrollen over landet.

Afghanske sikkerheits- og politistyrkar har lidd rekordhøge tap dei siste månadane, og samtidig gjort svært få framskritt i kampen mot Taliban.

Seinast fredag kom det nye meldingar om Taliban-angrep mot soldatar og politifolk. Ti soldatar og sju politimenn vart drepne i eit angrep mot ein militærpost i Khawja Ghar-distriktet i Takhar-provinsen.


(©NPK)