Ecuador: Assange kan forlate ambassaden i London

Ecuardors president seier at britiske styresmakter har gitt tilstrekkeleg med garantiar til at Julian Assange kan forlate den ecuadorianske ambassaden i London.
utenriks

President Lenin Morena i Ecuador opplyste i eit radioprogram torsdag at britiske styresmakter hadde gitt skriftleg garanti for at dei ikkje vil utlevere Assange til noko land der han risikerer dødsstraff, dersom han forlèt Ecuadors ambassade i London.

Assange søkte tilflukt i ambassaden i august 2012 og har vore der sidan av frykt for å bli utlevert til USA. Britisk høgsterett har tidlegare stadfesta at han kunne utleverast til Sverige. WikiLeaks-grunnleggjaren hevdar at om det skulle skje, vil svenske styresmakter utlevere han til USA der han vil bli tiltalt for å ha publisert sensitiv informasjon om tryggleiken til landet.

Morena peika under intervjuet på at garantien frå britiske styresmakter berre gjeld land der Assange risikerer dødsstraff. Presidenten sa vidare at Ecuador ikkje vil tvinge Assange til å forlate ambassaden, men sa samtidig at advokatane til aktivisten no jobbar med saka.

(©NPK)