Rolf Einar Fife overtek dermed som ambassadør ved den norske EU-delegasjonen i Brussel, mens Oda Sletnes overtek som Noregs ambassadør til Frankrike. Tidspunkt for tiltreding er førebels ikkje kjent.
Dei to har begge lang fartstid i utanrikstenesta.
Sletnes har mellom anna leia europaavdelinga i UD og vore president i EØS-tilsynet ESA.
Fife var norsk forhandlingsleiar då delelinja i Barentshavet vart bestemt i 2010.
(©NPK)