Motkandidat hevdar han vann presidentvalet i Kongo

Motkandidat Martin Fayulu varslar at han vil gå til retten for å opponera mot resultatet av presidentvalet i Kongo, og hevdar han vann med 61 prosent.
utenriks

Martin Fayulu skuldar den avtroppande presidenten Joseph Kabila for å ha laga ein avtale med Felix Tshisekedi på bakrommet.

Opposisjonsleiar Tshisekedi vart uventa utpeika som vinnar av valkommisjonen CENI torsdag. Dei hevdar han vann med 7 millionar stemmer, mot Fayulu sine 6,3 millionar stemmer.

Ein tenestemann i opposisjonskoalisjonen til Fayulus hevdar likevel Tshisekedi berre fekk 18 prosent av stemmene.

Den katolske kyrkja nekta torsdag for resultatet frå valkommisjonen og sa at dette ikkje stemde med informasjonen som dei 40.000 observatørane til kyrkja samla inn under valet. CENCO representerer dei katolske biskopane i landet og var den største observatørdelegasjonen under presidentvalet.

Også utanriksminister Jean-Yves Le Drian i Frankrike var torsdag blant dei som avviste resultatet frå CENI.

(©NPK)