Rahaf reiser til Canada

Den saudiarabiske asylsøkaren Rahaf Mohammed al-Qunun (18) dreg til Canada natt til laurdag norsk tid, opplyser sjefen for immigrasjonspolitiet i Thailand.
utenriks

Ho vart verdskjend då ho vart stansa på ein flyplass i Bangkok førre laurdag.

Thailandske styresmakter trua med å sende henne heim, men gjennom å skrive om situasjonen på Twitter klarte 18-åringen å tvinge fram ei heilomvending.

Ho vart i staden overlevert til FNs høgkommissær for flyktningar, som onsdag gav henne status som flyktning.

Ho har sagt at ho flykta frå det ultrakonservative heimlandet Saudi-Arabia, og at den mannlege verja hennar hadde meld henne for å reise utan løyve frå han. Ho hevda at familien kom til å drepe henne viss ho vart sendt heim, noko dei sjølv har nekta for.

(©NPK)