«El Chapo» kjent skyldig

Den mexicanske narkobaronen Joaquin «El Chapo» Guzman (61) er kjent skyldig i narkotikalovbrot i ein domstol i New York.
utenriks

Juryen i rettssaka mot «El Chapo» brukte seks dagar på å komme fram til rettsavgjerda, som vart kunngjord tysdag.

Mexicanaren var tiltalt for narkotikasmugling, brot på våpenlova og kvitvasking av pengar i tillegg til å drive eit omfattande internasjonalt narkonettverk og dessutan for å vere ansvarleg for fleire drap og kidnappingar.

Han har tidlegare vore fengsla i heimlandet Mexico, og han har rømt frå fengsel fleire gonger. Han vart arrestert igjen i Mexico i 2014 og utlevert til USA i januar i 2017.

(©NPK)