Full flystans i Belgia onsdag

Streik fører til full stans i flytrafikken til og frå Belgia tysdag kveld og onsdag. Også luftrommet over Belgia opp til 8.000 meter blir stengt.
utenriks

Ei rekke flygeleiarar er blant dei som deltek i ein landsomfattande streik.

Det belgiske flytrafikkontrollorganet Skeyes opplyser derfor at det av tryggleiksmessige årsaker ser seg nøydd til å stengje all flytrafikk i landet frå tysdag kveld klokka 21 til same tid onsdag kveld.

Det er førebels ikkje klart kor mange flygingar som blir ramma.

(©NPK)