Stoltenberg møter Lavrov i München

Nato-sjef Jens Stoltenberg ventar at INF-avtalen og nye russiske rakettar vil bli eit hovudtema når han møter Russlands utanriksminister Sergej Lavrov.
utenriks

Dei to skal halde eit møte på sidelinjene av tryggingskonferansen i München seinare denne veka, bekreftar Stoltenberg overfor norsk presse i Brussel.

Nato-sjefen seier han vil nytte høvet til å gjenta bodskapen sin om at INF-avtalen må reddast.

– INF er den meste akutte oppgåva no, seier Stoltenberg.

USA og Russland har begge varsla at dei vil trekke seg frå avtalen, som forbyr landbaserte rakettar av mellomdistansetypen.

Konflikten har auka frykta for eit atomvåpenkappløp.

(©NPK)