Svenske politifolk mistenkte etter at mann med downs vart drepen

Fleire svenske politifolk er mistenkte for lovbrot etter at ein mann med Downs syndrom vart drepen i fjor, ifølgje advokaten til ein av politifolka.
utenriks

Advokat Anton Strand seier til kringkastaren SVT at det dreier seg om minst fire politifolk. Etterforskinga av hendinga skal vere fullført.

Eric Torell, som hadde både Downs syndrom og autisme, vart skoten og drepen av politiet i Stockholm i august i fjor. 20-åringen hadde eit leikevåpen og oppførte seg ifølgje politiet truande.

Dei mistenkte politifolka har no to veker på seg til å komme med synspunkt på etterforskinga. Deretter vil påtalemakta avgjere om det skal takast ut tiltaler.

(©NPK)