Tyskland vil blidgjere USA med to nye LNG-terminalar

Tyskland vil importere meir flytande naturgass (LNG) frå USA og skal byggje minst to nye LNG-terminalar, seier økonomiminister Peter Altmaier.
utenriks

– Eg ser moglegheiter på minst to stader der vi raskt kan setje planane i live, sa Altmaier på ein felles pressekonferanse med USAs viseenergiminister Dan Brouillette tysdag. Dei to møttest til samtalar om gassforsyninga til Europa.

Altmaier sa behovet for å importere flytande gass aukar i Europa som følgje av at gassområda blir tømde, samtidig som at dei europeiske regjeringane vil gå vekk frå kjernekraft og kol.

Privat initiativ

Han la til at ei rekke private selskap ønsker å få bygd anlegg langs kysten nord i Tyskland for å kunne ta imot LNG frå amerikanske skip. Han understreka likevel at prisane må vere konkurransedyktige sidan private føretak står i spissen for prosjektet.

Regjeringa vil bidra økonomisk, men Altmeier ville ikkje seie noko om kor mykje pengar dei vil gå inn med.

Den tyske regjeringa har tidlegare kunngjort at dei vil byggje eitt anlegg, men dei er ifølgje Altmaier altså villige til å byggje minst eitt til.

Konflikt om Nord Stream

Møtet mellom Tyskland og USA skjedde etter konflikten om røyrleidningen Nord Stream 2, som skal frakte gass direkte frå Russland til Tyskland under Austersjøen. Røyrleidningen er under konstruksjon og er venta ferdigstilt ved slutten av året.

Allereie blir 55 milliardar kubikkmeter russisk naturgass frakta til Tyskland kvart år gjennom Nord Stream 1, men denne kapasiteten blir dobla når Nord Stream 2 blir tatt i bruk.

USA trua i januar med å innføre sanksjonar mot tyske selskap som deltek i bygginga av røyrleidningen. Amerikanarane er kritiske til røyrleidningen delvis av kommersielle omsyn fordi dei eksporterer flytande gass på skip til Polen og Litauen.

USA ønsker at europeiske land skal kjøpe meir LNG, noko som har vorte brukt som forhandlingskort i handelskonflikten med EU. EU-kommisjonen har tilbode USA å gjere det enklare å eksportere flytande gass, føresett at amerikanarane ikkje innfører høgare toll på europeiske bilar.

(©NPK)