UNICEF: Nærare 120 barnesoldatar lauslatne i Sør-Sudan

Ein væpna gruppe i Sør-Sudan har sett fri 119 barnesoldatar, ifølgje UNICEF.
utenriks

48 av barna som er sett fri av Sør-Sudans frigjeringsrørsle (SSLM), er jenter, og ifølgje UNICEF skal det yngste barnet berre vere ti år.

– Sjølv om dette er ei oppmuntrande utvikling, er det framleis ein lang veg å gå før dei 19.000 barna som framleis blir haldne som soldatar, kan komme tilbake til familiane sine, seier administrerande direktør Henrietta Fore i UNICEF.

Lauslatinga tysdag skjer samstundes med den internasjonale dagen mot bruken av barnesoldatar, og skjedde i byen Yambio sørvest i landet. Over 3.000 barnesoldatar har dei siste seks åra vorte lauslatne frå væpna grupper i Sør-Sudan.

Blir følgd opp

Barna har fått nye klede og sko, og dei vil òg få tre års integreringsstøtte for hjelp til å komme tilbake til eit sivilt liv og for å forhindre at dei blir rekrutterte på nytt, ifølgje UNICEF.

Organisasjonen understrekar at mange av barna har vorte kidnappa av militante grupper, mens andre har late seg rekruttere som følgje av økonomiske vanskar og sosialt press. Barnesoldatar blir brukte i kamphandlingar, som kokkar, vakter, bodbringarar og spionar, og dei blir òg seksuelt utnytta.

Borgarkrig

Sør-Sudan vart erklært som ein sjølvstendig stat 9. juli 2011 og er det yngste landet i verda. I 2013 førte politisk splitting mellom president Salva Kiir og den tidlegare visepresidenten hans Riek Machar til ein borgarkrig som har resultert i titusenvis av døde og fordriving av 2,5 millionar menneske.

Dei to partane inngjekk ein fredsavtale i september 2018 som framleis gjeld, sjølv om våpenkvila fleire gonger har vorte broten av ulike grupper.

Berre dei siste dagane har tusenvis av menneske flykta til nabolandet Kongo frå kampar mellom hæren og ei opprørsgruppe, ifølgje FNs høgkommissær for flyktningar, som opplyser at det er meir enn 70 aktive slike grupper i landet.

(©NPK)