– Australsk høgreekstrem terrorist bak angrep i moské på New Zealand

Ein høgreekstrem terrorist med australsk statsborgarskap står bak moskéangrepet i Christchurch, opplyser Australias statsminister.
utenriks

Scott Morrison kallar den mistenkte gjerningsmannen ein «ekstremistisk, høgrevridd, valdeleg terrorist».

Totalt fire personar, tre menn og ei kvinne, er arrestert etter at to moskear vart angripne i Christchurch på New Zealand. Hundrevis skal ha vore i den eine moskeen, og det blir meldt om svært mange drepne.