Elvestuen ny president i FNs miljøforsamling

Klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) vart fredag vald til ny president i FNs miljøforsamling for dei neste to åra.
utenriks

Elvestuen vart vald under klimatoppmøtet i Nairobi i Kenya, der miljøministrar frå heile verda er samla for å diskutere kampen mot klimaendringar og andre miljørelaterte utfordringar.

– Oppgåva mi i denne rolla blir å legge til rette for eit godt samarbeid mellom landa. Det blir krevande, men det er heilt avgjerande at vi oppnår eit godt resultat på det neste møtet i FNs miljøforsamling. Målet er å få til miljøtiltak som står i forhold til dei problema verda står overfor, seier Elvestuen.

– For å ta tak i dei store miljøproblema i verda, som marin forsøpling, global oppvarming og tap av natur, treng vi ein global fellesinnsats, seier han.

FNs miljøforsamling er det høgaste avgjerdsorganet i verda på miljøfeltet og tar for seg kritiske miljøutfordringar.

(©NPK)